torsdag 22. september 2011

Fisker og baby

Av og til så får vi alle særdeles gode idear, iallefall så syns vi det sjølv. I forkant av årets blåtur med jobben fekk eg ein slik ide. Tema for blåturen var Maritimt, og på bussen heim frå jobb ein dag så slo det meg... Eg hadde tidleg i min strikkekarriere lagt merke til oppskrifta til nokon huer som var forma som fiskar. Og når ein tek på seg desse huene så ser det ut som at fiskane prøvar å bite av deg hovudet. Så inn på nettet og fant oppskrifta på Knitty.

Fant fram restegarn og strikkepinnar og kasta meg over oppgåva. Fant og ut at denne ideen var så bra at eg måtte dela med andre. Så til slutt så blei det 4 fiskar, ein heil liten stim :) Huene falt såpasse i smak at eg vant ein premie for godt påkomme "utkledning". Fekk og bestilling frå ein kollega på denne rosa fisken på bilete. Den blei avlevert og særdeleg godt mottatt denne veka, noko som var veldig kosleg. Så det gjenstår kun å spela premien min, nemleg Boules.

Andre kollegaer driv med babyproduksjon. Det har ikkje vore ynskje om å dele kunnskapen om kva kjønn denne nye verdensborgaren skal få, før etter garnet var bestilt (på Pickles) og hentesettet var påbegynt. Men uansett kjønn så håpar eg settet fell i smak. Den vordende mora må berre komma tilbake på jobb etter sjukefråværet sitt... Oppskriften er Pickles sitt Melkers Hentesett strikka i Pickles Extra Fine Merino. Knappane er bestilt på etsy.

onsdag 14. september 2011

Helga som kunne regna vekk, men gjorde det ikkje...

Helga som allereie følast milevis unna (altså den siste helga), var begivenheitsfull i Bergen by. Der var Bergen Matfestival, Bergenhusdagene, skipet frå Pirates-filmane låg til kai pluss ein del gamle kjenningar (Stord I, Granvin og Oster bl.a). Og særdeles skiftande vær, noko eg reknar med ein kan sjå på bileta under. Så innimellom sveler, sol, fotografering, fiskekaker og øs pøsande regnvær så var det tid for å ha det kosleg og.
På bileta ser vi kor gråsporven kosar seg i Skomakerstredet, godt gamalt øs pøsande regnvær med særegen karakter, skipet Bounty (bygga for filmen "Mytteriet på Bounty" på 70-tallet) som har hatt rollen som The Black Pearl i Pirates of the Carribean-filmane, og galningane i riggingen er på Statsraaden. Tusen takk for lufteturane til Kristina og Kenneth på laurdagen og Tommy og Hege på søndagen. Blei lite sparkling, men ville jo ikkje vore utan sveler, godt selskap og omvisning i Rosenkrantztåret på Festningen heller... Sparkle kan eg gjere til helga att :)

tirsdag 13. september 2011

Hyttetur - makrell og tyttebær!

Siste helga i august måtte eg benytta siste sjansen til å bruka bilen eg var bilpassar til heile sommaren. Var meininga å reise heim til sogn, men foreldra mine hadde planar om å reise på hyttetur til Skifjorden. Der var meir enn nok plass til at eg kunne vera med dersom eg ville og, så kvifor ikkje. Pakka sekken torsdagskvelden og pakka alt i bilen når eg reiste på jobb fredagsmorgonen. Reiste direkte frå jobb mot ferja på Oppedal - Lavik. Der møtte eg mamma og pappa og fulgte dei resten av vegen.

Fredagskvelden slappa vi av, blei med kveldsmat og preik før alle la seg rimleg tidleg. Hadde nemleg fått grei beskjed om at det skulle fiskast denne helga, og vi kunne ikkje vera for seint ute på vatnet.

Laurdagen byrja med felles frukost. Så steika vi kvar vår omelett som vi pakka med oss til nistepakke, ilag med ei kanne kaffi og ein liten termos te. Det regna denne dagen, så utkledd som småungar påveg til barnehagen i Bergen så gjekk vi til båten :)
Med himmelen i hovudet og regn i fjeset så tøffa vi utover fjorden, runde fyrtårent og la oss til. Slapp uti to pilkar med tyttebærkrokar og ei fiskestang med diverse. Plutseleg så ville ikkje pilkane synka meir, og når vi byrja dra opp så var dei snøra definitivt i live. Å dra opp eit snøre og sjå 4-5 raske makrellar på tyttebærkrokane er eit rush. Var veldig gledeleg og sidan vi hadde jo håpa på å kunne få litt makrell og då. Etter eit par gongar der snøret aldri kom halvveges til botn og ca 30 makrell seinare så satt vi foten ned (bøtta var FULL). Så utpå fjorden så måtte pappa byrja å sløye, noko stor måken likte veldig godt :) 6 timar seinare og ca 30 makrellar rikar så reiste vi heim.

Heldigvis så fekk vi litt opplett på søndagen, så då fekk vi alle nyta utsikten og terrassen. Eg fekk og plukka eit par verkelege tyttebær utan krok. Desse fekk farmor, ho er veldig glad i rørte tyttebær. Etter stekt makrell til middag og ein kjapp utvask så gjekk vegen heim att. Ei strålande helg må dette definitivt kallast :) Tusen takk mamma og pappa!!