mandag 19. januar 2009

Masse småfolk...

Som Tove seie så ynglar folk verre enn guppyer om dagane... Men eigentleg så er det vel berre ein unnskuldning til å strikka søte små ting i søte fargar. Men syns alle kunne planlagt ynglinga litt betre. Ikkje alle treng ha det travelt med å få småfolk på vårparten, nokon kunne spart seg litt til haustparten og. Ikkje det, det dukkar vel opp nokon smårollingar då og :)

Her er bilete av eit skjerf og ei hue som eg har laga. Til tross for å berre vera rillestrikk, så var det rimleg ok å strikka. Må følgja godt med på delar av økinga/fellinga på hua, ikkje sjå på noko spanande på TV då... Oppskrifta er her. Eg har strikka i Dale Babyull.

Ein liten gut ein stad i verda skal få dette settet snart :)

torsdag 15. januar 2009

Endeleg - etter 13 år...

... har eg kjøpt meg støvlar. Og eg bur i Bergen...!!?!?!

I know... kva har eg tenkt på, eller rettare sagt; kva har eg tenkt med dei siste "par" åra? Vel, var der noko eg hata over alt på jord når eg vaks opp så var det regntøy. Heller våt og kald den gongen...

Har klart meg rimleg lenge her i byen utan regntøy. No har eg derimot eit par regnjakker/kåpar, endeleg eit par skikkelege støvlar (Ilsa Jakobsen, anskaffa idag), men regnbuksa er på utlån frå Tove. Så har eit bitte lite stykke att å gå :)

Støvlane har eg faktisk sikla på i ca 2 år, og med eit par ekstra lappar i lommeboka etter jula ifjor så var eg lur nok til å tenkje på støvlane denne gongen. Så tusen takk mamma og pappa :)

fredag 2. januar 2009

Godt Nyttår!!

Då var 2008 eit saga blott og 2009 har komt med eit smell. Fjoråret har eit god knippe oppturar og eit litt mindre knippe nedturar. Håpar 2009 vil bringa endå fleire oppturar, og då der er iallefall 3 runde bursdagar i nærmaste familie så lovar det bra. Der er og to venninner som fyllar 30 år. Eit par babyar påveg blant kollegaer og venner. Dei beste unnskuldningane i verda til å finne fram strikkepinnane og kosa seg.

Når det kjem til nyttårsforsett så har eg eit par strikkeprosjekt som er satt på lista over ting skal skal fullførast iløpet av 2009. Deriblant to pledd, eit hekla og eit strikka :) Kva det no skulle komma av strikkepinnane så kjem det mest sannsynleg her og.

Ynskje alle som har gidda å lese bloggen min eit

HEIDUNDRANDES GODT NYTTÅR!!!